Annakvar tysdag har me open Systova for medlemmar. Då samlast me i Ståvo sine lokale og jobbar med ulike prosjekt saman. Du kan sy deg ein totebag, eit skjørt, fikse på gamle kler, eller andre ting du har lyst til.
Me har 6 symaskinar, ulike mønstre, stoff og andre materialar. Første møte vert tysdag 1. oktober, og siste 26. november.
Det er plass til 8 stk.på dette tilbodet, som passar best for ungdom mellom 12-18 år.